Evju Bygdetun har blitt leigd ut til Bryllaup, Barnedåp, Navndag, Konfirmasjon og Jubileumsfeiring gjennom snart 50 år.
Vi har fleire egna lokale for utleige. Leigetakar ordnar til og gjennomfører opprydding og vask etterpå.
Nye Sjodar
Nye Sjodar blei flytta frå Sunds til Evju Bygdetun i 2021. Huset blei restaurert med universell utforming og har nå brannsikker museumskjellar og studierom for frivillige lag og besøkande. Forsamlingsalen (120m2)har 150 konsert-plasser og 100 gjester til bords, og har tilpassa akustikk og dansegolv som på Riksscenen, spesielt tilrettelagt som ei regional folkemusikk scene. Salen har projektor, teleslynge, konsertpiano, varmepumpe og stor vedovn. Lokalet har eit godt utstyrt kjøkken med dekketøy til 100. Handicap-toalett.
Prisar:
Heil dag kr. 6000,- (Tillegg for vask kr. 1000,-)
Halv dag (før/etter 16.00) kr. 3000,- (Tillegg for vask kr. 1000,-)
Fjoset
Stort rom (ca60m2) med ca. 100 konsertplasser og ca. 70 stk. til bords, 50 handlaga stolar med pute, 40 klappstolar, faste bord og bord til å slå opp. Godt utstyrt kjøkken med alt av dekketøy til 70 stk. Piano og prosjektor. Toalett i garderoben og handicap toalett rett ved.
Prisar
Heil dag Kr. 5000,- (Tillegg for vask kr. 1000,-)
Halv dag (før /etter 16.00) kr. 2500,- (Tillegg for vask kr. 1000,-)
Vi har kjøreskinner for rullestol.
Våningshuset.
Servering av tradisjonsmat til grupper med kulturformidling i historisk gardsmiljø. (Våningshuset er ikkje til utleige.)
Eldhuset.
Stort rom med vedfyrt bakarovn, peis, bryggepanne og vedovn med plass til ca 40 rundt borda med veggfaste benkar. Komfyr, kaffetraktar, vatnkokar, kjøleskåp, frysar, varmt og kaldt vatn og dekketøy til ca 40. Oppvaskmaskin inne i Våningshuset. Toalett over tunet. Kr.2000,-
Låven.
Åpent langt rom (ca 80m2) med scene, dansegolv, bar med kjøleskåp,veggfaste benkar, 50 klappstolar og småbord. Leddlys langs bjelkane i taket. Mest egna til bruk i sommarmånadene utan oppvarming. Forbudt med bruk av stearinlys. Kr. 2000,-
Telt.
Vi har eit kvitt Partytelt/ Quick-up 4×8 m som kan leigast for kr.1000,-
Lydanlegg.
Vi har eit godt PA anlegg som kan koblast opp både ute og inne med 6 kanalar, 2 mikrofonar med stativ og 1 trådlaus. kr. 2000,-
Dukar.
Vi leiger ut dukar til kr.100 pr stk
Bryllupsfeiring på tunet.
Bryllupsfeiring får bruke både Nye Sjodar, Fjoset, og Låven med alt utstyr. Ved bryllup om sommaren stenger vi Bygdetunet for publikum lørdag. Folk kan starte å stelle til i fleire av lokala frå torsdag og rydde opp søndag.
Utleige av tunet til bryllup: kr.20.000,-
Vi er pålagt brannvakt ved store arrangement i tunet som også fungerar som kjentperson kr.3000,- i tillegg til leiga.
Vi kan ta husvask av alle lokala om de ikkje vil gjere det sjølve. kr.5000,-
Heile tunet er røykfritt område med museale hus. Anvist røykeplass ved parkering.
Tangen ved elva.
Husmannsplass under Evju ved elva med brygge. Turstiar i kulturlandskapet og enkel bilveg frå Evju. Stort tun med grasbakke for camping, grillplass, utedoar og sommarvatn ute. To av husa kan også leigast ut; Eldhuset med peis, vedkomfyr og plass til madrasser. Stugo med strøm, peis, vedkomfyr, elektrisk komfyr, kjøleskap, dekketøy, plass til ca. 10 stk. kr.3000,-
Gapahuken i Eventyrskogen.
Med støtte frå Sparebankstiftelsen DnB, har vi bygd ein stor Gapahuk med bålplass i Eventyrskogen nedanfor tunet mot Tangen. Denne kan brukast fritt av alle gjennom heile året. Vi har også skuleklasser i aktivitetar her