Nye Sjodar – regional scene for folkemusikk og folkedans

Du finner lokalet Nye Sjodar i Evju Bygdetun.

Arrangement

Plakat for våren 2024

Arrangement som har vore:

Notodden Blues Band
Sundag 7. mai, kl 19:00, Nye Sjodar
300,- inkl. bill.avg.

Notodden Blues Band er ein av dei verkeleg store pionerane innan norsk bluesmusikk, og dei gir seg aldri. Få band har reist så mye og spilt for så mange i vårt langstrakte land. Det kanskje ikke så mange er klar over et at bandet starta med øvingar og speling på Sjodar i 1979, og no kjem dei «heim» til Sjodar med ny plate. 

Billettar i sal via Gullbring kulturanlegg og i dynna: 
https://www.gullbring.no/kulturprogram/

Velkomen til ein strålande sundagskveld i lag med Notodden Blues Band!

«SELJESONG» – SILJE HEGG OG TORHILD OSTAD

Sundag 16 .april kl. 1600 kjem vokalist Torhild Ostad og fløytist Silje Hegg til Nye Sjodar med konserten «Seljesong». Ostad og Hegg har kjend kvarandre i 25 år, og dei har fleire gonger snakka om at dei har lyst til å halde konsert i lag, men det har aldri skjedd før dei under Telemarkfestivalen 2021 møttast dei til det som blei ein intim og stemningsfull konsert i Bø gamle kyrje.

Ostad og Hegg held konsertar for dei små rom, der det solistiske uttrykket står i sentrum. Ei stemme og ei fløyte, akustisk, nært og varmande. Repertoaret spenner frå religiøse folketonar og Torhilds nyskrivne tekster og melodiar, til tradisjonelle visetonar og slåttar på seljefløyte og sjøfløyte.