Nes og Saude Bygdetunlag

Om Nes og Saude Bygdetunlag Bygdetunlaget vart skipa i 1961 og er i dag
støtteorganisasjon for drifta av Bygdetunet. Det er Stiftelsen Evju Bygdetun som står for
den daglege drifta og det store arbeidet med å bera kunnskap og kulturarv vidare til nye slekter.

Bygdetunlaget er medlemsorganisasjonen for Stiftelsen Evju Bygdetun og samlar folk med syn
og sans for den viktige oppgåva Bygdetunet fyller i lokalmiljøet. Dette er eit uforpliktande, men viktig medlemskap for å fornye kontaktflata i bygda og delta i finansieringa av drifta.

Ved ulike arrangement bygger me opp eigenkapital som i neste omgang kjem Evju til
gode. I 2021 betala Bygdetunlaget kr 200.000 som tilskot til flytting og reising av Sjodar og i
2022 kr 50.000 for gode stolar til festsalen.

Guro og Finn held orden i arkivet

Leiar Finn Rønning og Guro J. Fosstveit gjer ein stor jobb i arkivet for samlingforvaltningen på Evju Bygdetun i kjellaren under Nye Sjodar. Dei og Aslaug Torstveit står òg bak innhaldet i den årlege Sauheradkalenderen.

Noverande styre for bygdetunlaget er:
Finn Rønning – leiar
Roar A. Klever Bøye – nestleiar
Guro Johanne Fosstveit – Sekretær
Jon Sæland – kasserer
Åsta Kravik – styremedlem
Johnny Hofsten – Varamedlem
Karine Hobøle Høibø – Varamedlem

Bli medlem i Nes og Saude Bygdetunlag:
• Gjev aktiv støtte til bygdas mest omfattande kulturinstitusjon
• Får fast informasjon om arrangement og tiltak ved Evju Bygdetun ved oppføring på
epost- og telefonliste
• Har kontakt med hyggeleg miljø og mange trivelege folk. Send gjerne e-post til Jon Sæland jon@kva.no om du ynskjer å bli medlem.Merk mailen med Medlem i bygdetunlaget og fyll ut med namn, tlf og epost.